Hymatek med fyrste kontrakt på Hydrotrol 20P og GOPS med Connexi-plattform
Hymatek har inngått ei ny kontrakt for leveranse av turbinregulatorar og oljetrykksanlegg. Denne gongen har vi signert ei avtale med Tussa Energi AS om leveransar til begge aggregata i Tussa Kraftverk.
Leveransen vil skje i fyrste kvartal i 2018 med iverksetjing i andre kvartal same år. Hymatek sin leveranse består av:
- Turbinregulator Hydrotrol 20P med Connexi-plattform.
- Turtallsovervaking TUVA 20 med Connexi-plattform.
- Oljetrykksanlegg GOPS 600 med Connexi-plattform på pumpestyringa.
Dette er den fyrste kontrakten Hymatek signerer som er basert på den nye Connexi-plattforma, og den fyrste leveransen vi har med den nyutvikla Connexi-baserte pumpestyringa. Hymatek er veldig entusiastisk over korleis Tussa ønskjer ny teknologi i sine kraftverk og ser fram til eit godt prosjekt.
PS: Dette er ikkje den fyrste Hydrotrol 20 som blir levert. Den fyrste Hydrotrol 20F på Connexi-plattforma blei iverksett i august 2017 som ei endring på eksisterande leveranse. Les meir om det her.
Om Tussa kraftverk:
Tussa Kraftverk ligg på vakre Sunnmøre. Klikk på denne linken for meir informasjon om Tussa Kraftverk (Tussa heimeside)
Om produkta:
Klikk på desse linkane for å lære meir om produkta:
Hydrotrol 20
Tuva 20
GOPS
Connexi